FHI: 160 barn og unge har vore koronainnlagde gjennom pandemien

Sidan mars i fjor har 160 barn og unge under 18 år vore innlagde med covid-19, ifølgje FHI. Det er under 3 prosent av alle som har vore koronainnlagde i Noreg.
innenriks

– Befolkninga under 18 år har hatt den lågaste risikoen for sjukehusinnlegging gjennom heile pandemien, seier FHI-forskar Ketil Størdal, som også er barnelege, i ei pressemelding.

Til samanlikning har 5.200 vaksne vore koronainnlagde sidan pandemien starta, ifølgje Størdal.

– Dei barna som blir lagde inn, blir liggjande kort tid på sjukehus med ein median liggjetid på to døgn. Dette tyder på lite alvorleg utvikling av covid-19-sjukdom, seier han.

Rundt eitt av tre koronainnlagde barn har vore under eitt år gamle. FHI peikar på at dette kan komme av ein lågare terskel for å leggje inn dei aller yngste barna, men òg at dei yngste i større grad kan bli påverka av feber og luftvegssymptom. Dei treng derfor oftare innlegging for alle typar luftvegsinfeksjonar, inkludert covid-19, skriv FHI.

(©NPK)