To Haukeland-pasientar som deltok i kreftstudie er døde

To av pasientane som var med i kreftstudien ved Haukeland sjukehus, er døde, og ein får lindrande behandling.
innenriks

Det stadfestar klinikkdirektør ved Haukeland universitetssjukehus, John-Helge Heimdal, overfor BA.

Heile Watch and Wait-studien vart stansa i fjor haust etter at dei førebelse resultata frå Bergen vart kjende.

Formålet med studien, som gjekk mellom 2018 og hausten 2020, var å sjå om nokre pasientar med kreft i endetarmen kunne unngå kirurgi etter stråling. Haukeland sjukehus inkluderte i alt 31 pasientar i delen sin av studien.

Ti av desse pasientane har fått spreiing til andre organ. To av dei er døde.

– Den eine av dei døde av ein medisinsk komplikasjon som skjedde då pasienten først vart operert. Den andre døydde av kreft med spreiing, seier Bjørn Nedrebø, ein av fire kirurgar som deltok i studien, til VG.

– Er det grunn til å tru at dei som døydde hadde hatt betre prognosar om dei hadde vorte opererte tidlegare?

– Viss vi ser alle på pasientane som blir opererte under eitt, veit vi at det er meir enn 30 prosent som har tilbakefall innan fem år etterpå. Dermed er det eit utruleg vanskeleg spørsmål.

(©NPK)