Sandnes-kvinne får millionerstatning etter feilbehandling på SUS

Ei kvinne frå Sandnes er tilkjend ei erstatning på over 4,2 millionar kroner etter behandlingssvikt ved Stavanger universitetssjukehus.
innenriks

– Dette er ein svært viktig dom for henne, for det har vore ein lang kamp. Heile saka har vore ei stor belastning for henne, og det er sjølvsagt ei stor glede når vi endeleg vinn fram, seier advokat Christian T. Asserson i advokatfirmaet Bull Årstad DA til Sandnesposten

Kvinna vart først tilkjend litt over 400.000 kroner frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE), men klaga på vedtaket. Ho meinte ho hadde krav på erstatning for inntektstap, som ikkje var del av vedtaket frå NPE. Pasientskadenemnda fann ikkje grunnlag for å auke erstatninga. 

I oktober 2020 stemna ho derfor staten for retten. Der fekk ho medhald og vart tilkjend erstatning på totalt 4.225.123 kroner, inkludert framtidig inntektstap.

(©NPK)