Politiet intensiverer etterforskinga av krypto-sporet i Lørenskog-saka

Politiet i Lørenskog har den siste tida intensivert og spissa etterforskinga i Lørenskog-saka rundt krypto-sporet.
innenriks

Snart tre år sidan Anne-Elisabeth Hagen forsvann, er framleis mellom 20 og 30 etterforskarar frå politidistriktet, Kripos og Økokrim involvert i etterforskinga, skriv Dagbladet.

Påtaleansvarleg i Lørenskog-saka, Gjermund Hanssen, seier til avisa at innsatsen og ressursane den siste tida har vorte spissa ytterlegare.

– Ein stor del av dei samla ressursane blir no prioriterte inn mot kryptovaluta. Det betyr ikkje at andre spor er lagde bort, men at ressursane blir prioriterte i den retninga. Det kjem stadig ny informasjon inn frå krypto-sporet – det er snakk om funn av fleire identitetar, e-postadresser, telefonnummer og IP-adresser, seier han.

Hanssen ønskjer ikkje å talfeste kor mange identitetar som er funne undervegs i etterforskinga av krypto-sporet, men stadfestar at det dreier seg om fleire. Han seier at politiet har mest tru på dette sporet.

Tom Hagen er framleis sikta for drap eller medverknad til drap. I tillegg er ein mann i 30-åra sikta for medverknad til bortføring.

Hagens forsvarar, advokat Svein Holden, ønskjer ikkje å gi nokon kommentar i samband med saka, skriv avisa.

Anne-Elisabeth Hagen forsvann frå heimen sin på Fjellhamar i Lørenskog 31. oktober 2018.

(©NPK)