Nav-drapet: – Etterforskinga går inn i ein avsluttande fase

Etterforskinga av drapet på Marianne Amundsen (57) utanfor Nav-kontoret i Bergen nærmar seg slutten.
innenriks

– Saka er veldig godt etterforska. Vi går inn i ein avsluttande fase, seier påtaleansvarleg i Vest politidistrikt, politiadvokat Christine Møen Wisløff, til Dagbladet fredag.

Mannen som er sikta for drapet, vart måndag denne veka framstilt for varetektsfengsling på nytt. Sikta samtykka då til forlengd fengsling. Siktinga vart samtidig utvida til å gjelde både drap og drapsforsøk.

– Vi vil ha eit nytt avhøyr av sikta, men det er enno ikkje avklart når dette vil finne stad, seier Wisløff til avisa.

Den sikta mannen har erkjent handlingane, men førebels ikkje teke stilling til straffskuld.

(©NPK)