Munch-museet offisielt opna

Fredag ettermiddag vart det nye Munch-museet i Bjørvika i Oslo offisielt opna av kong Harald og dronning Sonja.
innenriks

Også kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) var blant dei mange som var til stades under opninga.

I talen sin sa kong Harald at Edvard Munch er eit felleseige, og at kunsten hans tilhøyrer oss alle, ikkje berre Noreg.

– Eg trur eg kan seie – på vegner av alle – at dette har vi gledd oss til. Endeleg kan vi samlast, og snart skal vi gå inn dei store dørene til ein ny attraksjon – ikkje berre i hovudstaden vår, men i Noreg, og i verda, sa kongen.

– Han måla eige liv og samtidig tilværet til oss alle, understreka kong Harald.

– Munchs nye liv

– I dag markerer vi starten på Munchs nye liv, sa kongen og skapte humring blant publikum då han konstaterte at den kompliserte flytteprosessen ikkje berre vart gjennomførte med eit skrik, men faktisk åtte.

Før snorklippinga sa kongen at han trong litt hjelp av ein som kjenne både kunsten og bygget svært godt.

– Eg har gleda av å be Dronninga om å klippe over snora, heldt kong Harald fram.

Deretter vart snora klipt av dronning Sonja og kongefamilien gjekk den raude løparen for å få ei omvising inne i museet.

Det var kronprinsesse Mette-Marit som ned grunnsteinen for museet 14. oktober 2016.

– Stor takk

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) retta i talen sin ein stor takk til alle som har vore involverte i å få eit nytt Munch-museum.

– Munch søkte stemning og lys gjennom kunsten og søkte å gi andre lys gjennom kunsten sin, sa Johansen, som også peika på at Munch skapte universell kunst og no får eit museum i internasjonal klasse.

Oslos ordførar Marianne Borgen (SV) peika på at det nye museet òg gir barna moglegheita til å oppleve kunst på ein ny måte.

Fem gonger større

Det nye Munch-museet sysselset 350 personar, og huset består av både utstillingslokale, ein butikk, eit par matstadar, eit forskingsbibliotek og dessutan verkstadar.

Det kan òg skilte med fem gonger større utstillingsflater enn det gamle museet på Tøyen og har heile 13 etasjar til disposisjon. og 11 er reine utstillingssalar.

Bygget skal i tillegg til samlinga til kommunen på rundt 28.000 originale verk av Munch, også huse Stenersen-samlinga. Over 200 av verka skal stillast ut fast.

Årelang debatt

Det gamle museet vart i 1963 bygd på Tøyen for å huse Edvard Munchs samlingar, som kunstnaren testamenterte til Oslo kommune etter sin død i 1944.

I 2008 gjekk Oslo bystyre omsider inn for eit nytt Munchmuseum i Bjørvika, etter ein årelang debatt. Det spanske arkitektkontoret Herreros Arquitectos vann konkurransen om nytt museum.





(©NPK)