Valdeltakinga gjekk ned

Valdeltakinga gjekk ned frå 78,2 prosent i 2017 til 77,2 prosent i storingsvalet i år.
innenriks

Den sterkaste nedgangen i valdeltakinga vart registrert i aldersgruppa 25 til 44 år, der deltakinga fall frå 74,3 prosent i førre stortingsval til 72 prosent i år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er blant dei mellom 60 og 70 år at valdeltakinga er høgast, der opp mot 85 prosent stemde ved valet i haust. Den generelle og stabile trenden er at valdeltakinga er relativt høg for 18-åringar, før ho fell fram til midten av 20-åra og deretter stig jamt og trutt opp mot 70-åra, ifølgje SSB.

Blant veljarane over 80 år fell deltakinga betydeleg, og den er høgare blant kvinner enn menn, med ein forskjell på 3 prosentpoeng.

Tala viser òg at 90 prosent av dei med ei høgare grad frå universitet eller høgskule stemde ved valet i haust, medan berre 60 prosent av dei med grunnskuleutdanning nytta seg av stemmeretten.

I 2017 var deltakinga blant innvandrarar 55 prosent, medan ho i 2021 var 50 prosent. Valdeltakinga auka blant innvandrarar frå nordiske og vesteuropeiske land, medan ho gjekk ned blant innvandrarar frå afrikanske og asiatiske land.

(©NPK)