Svenske hotell merkar at Noreg har gjenopna

Gjenopninga av Noreg etter koronapandemien har hatt ein nærast omgåande effekt for hotella i Vest-Sverige. Spesielt før og under haustferien.
innenriks

Fleire hotell, turoperatørar og spaanlegg i regionen Vest-Sverige melder om ein vesentleg auke av norske besøkjande i haustferien, ifølgje Turistrådet Vest-Sverige.

På Tanumstrand hotell i Grebbestad, som er eitt av dei største hotella i regionen, auka norske bestillingar for dei to første vekene i oktober frå under ti gjester i 2020 til rundt 550 gjester i år. For oktober månad blir det forventa rundt 1.000 norske gjestedøgn på hotellet.

– Før pandemien var rundt 40 prosent av gjestene på Tanumstrand nordmenn, eit tal som fall til under 5 prosent i 2020, seier hotelldirektør Marit Bjørnland.

– Etter at karantenekrava vart fjerna og det norske samfunnet opna opp igjen etter covid, har vi fått meldingar om ein solid oppgang i bestillingar frå Noreg, stadfestar administrerande direktør Fredrik Lindén i Turistrådet Vest-Sverige.

Turistrådet representerer reiselivsnæringa i distrikta Bohuslän, Göteborg, Dalsland og Västergötland.

– 2019 var eit fantastisk år for heile regionen, med rekordhøge 480.500 norske gjestedøgn. Det vil nok gå ei stund før vi er heilt tilbake på 2019-nivået, men den omgåande effekten vi ser etter gjenopninga av Noreg er ein svært god start, meiner Lindén.

(©NPK)