Sal av bensin og diesel fall i september

Det vart seld 698 millionar liter petroleumsprodukt i september i år. Det er ein nedgang på 0,9 prosent samanlikna med september i fjor.
innenriks

Det vart seld 81 millionar liter bensin og 258 millionar liter med diesel i september. Det er ein nedgang på 2,4 og 0,9 prosent samanlikna med same månad i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Salet av drivstoff til fly – jetparafin – har på si side auka med heile 26,5 prosent og enda på 43 millionar liter. Det er ein auke på 9 millionar liter samanlikna med september i fjor. Salet ligg framleis vesentleg under nivået frå før koronapandemien.

Salet av anleggsdiesel har gått opp med 2,5 prosent, medan salet av marine gassoljer har falle med like mykje.

Frå januar til september vart det seld 2,2 millionar liter autodiesel, ein auke på 0,7 prosent samanlikna med 2020, medan salet av bilbensin hittil i år har gått ned med 0,4 prosent og ligg på 748 millionar liter.

(©NPK)