Langt færre overnattingar på krisesenter i fjor

Færre personar oppsøkte eit krisesenter på grunn av vald i nære relasjonar i fjor. Nedgangen var på nesten 15 prosent frå 2019.
innenriks

Det skjedde sjølv om landets 43 krisesenter heldt oppe tenestetilbodet under heile pandemien, ifølgje SSB.

Talet på dagbrukarar vart redusert frå 2.637 til 2.212, ein nedgang på 16 prosent.

Om lag 72 prosent av krisesentera hadde ein nedgang i talet på overnattingsdøgn. Den største nedgangen hadde krisesentera i Oslo og Fredrikstad, medan Helgeland og Romerike hadde den største auken.

Kommunane betalte rundt 397 millionar kroner for å kunne leggje til rette for eit krisesentertilbod for innbyggjarane sine. På landsbasis utgjer det 74 kroner i snitt per innbyggjar.

(©NPK)