Kurva flatar ut for oljefondet

Statens pensjonsfond utland, også kjend som oljefondet, fekk ei flat avkasting i tredje kvartal.
innenriks

Avkastinga vart på 0,1 prosent, noko som svarer til 31 milliardar kroner, opplyser fondet i ei pressemelding.

For aksjeinvesteringar gjekk avkastinga noko ned, med 0,1 prosent. Investeringar i unotert eigedom gjekk fram med 3,6 prosent, medan renteinvesteringar hadde ei avkasting på 0,1 prosent.

–Aksjemarknaden heldt fram med å styrke seg fram mot august, for så å gå noko ned i andre halvdel av kvartalet. Fondet har likevel oppnådd noko høgare avkasting enn marknaden, då særleg i aksjeforvaltninga, seier nestleiar Trond Grande i Noregs Bank Investment Management.

Kronekursen svekte seg noko mot fleire av hovudvalutaene i løpet av kvartalet. Valutasvingingar bidrog til å auke verdien av fondet med 22 milliardar kroner. I tredje kvartal vart det teke ut 52 milliardar kroner frå fondet.

Oljefondet hadde ein verdi på 11.674 milliardar kroner ved utgangen av september.

(©NPK)