Ingen planlagde møte om kulturstreiken i dag

LO og Spekter har ikkje planlagt nye møte om kulturstreiken torsdag. Forhandlingane kvelden før førte ikkje fram.
innenriks

– Det er opp til LO. Vi er klare, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Spekter til NTB.

LO opplyser at det ikkje er planlagd møte.

Partane i kultursektoren står framleis for langt frå kvarandre i striden om pensjonsordning. Forhandlingane på onsdag, som riksmeklar Mats Wilhelm Ruland tok initiativ til, førte ikkje fram.

Streiken har halde på i over sju veker. Frå måndag vil 1.100 kulturtilsette ved scener over heile landet vere tekne ut. Streiken gjer at det spøkjer for mange av dei planlagde oppsetningane og tradisjonelle juleframsyningane over heile landet.

(©NPK)