Framleis låg influensaaktivitet i Noreg

Det er enno ingen teikn til spreiing av influensa i Noreg. Dei få tilfella av influensa dei siste to vekene er alle importtilfelle, ifølgje FHI.
innenriks

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) viser overvakinga frå førre veke at influensaaktiviteten i Noreg er svært låg.

I førre veke (veke 41) fekk berre 0,2 prosent av dei som gjekk til legen, diagnosen influensaliknande sjukdom.

Nivået er svært lågt i alle fylke, ifølgje FHI.

Ifølgje FHI vart det påvist influensavirus i fem tilfelle førre veke. Alle var importtilfelle.

Det er førebels ikkje registrert nye innleggingar i sjukehus/intensivavdelingar med influensa i Noreg i sesongen 2021–22.

(©NPK)