Tanum blir lagt ned etter 190 år

Bokhandlarkjeda Tanum blir lagd ned etter 190 år.
innenriks

Det får Nettavisen stadfesta av Tom Harald Jensen, konsernsjef i Cappelen Damm, som eig Tanum.

– Det stemmer at vi er i ein prosess med å leggje ned tanum.no, seier Jensen.

Det var nettavisa bok365.no som først erfarte av siste rest av Tanum skulle leggjast ned. Dei seier at siste dag er 1. november i år, men Jensen seier det ikkje er heilt klart når bokhandlarkjeda vil vere endeleg lagt ned.

– Datoen er ikkje heilt klar enno, seier han.

(©NPK)