Politiet: Talet på fornærma etter Kongsberg-drapa er tosifra

Gjerningsmannen på Kongsberg brukte stikkvåpen då han tok livet av fem personar onsdag førre veke. Talet på fornærma er tosifra.
innenriks

– Når det gjeld våpen, har vi tidlegare gått ut med at det er nytta pil og boge. Dei andre våpena som har vore nytta, er stikkvåpen. Vi ønskjer ikkje å gå ut med kva slags type stikkvåpen det er, av omsyn til at ikkje alle vitne på åstaden er avhøyrt, sa politiinspektør Per Thomas Omholt under ei presseorientering måndag ettermiddag.

Fem personar vart drepne og tre skadde i angrepet på Kongsberg onsdag førre veke. Fleire personar vart òg skotne etter med pil og boge, men ikkje fysisk skadde. Espen Andersen Bråthen (37) er sikta for drapa. Han har erkjent dei faktiske forholda, men har ikkje teke stilling til straffskuld.

– Når det gjeld fornærma, vil dette komme opp i eit tosifra tal, sa politiinspektøren.

Spørsmålet no er kva dei har vore utsette for, i samsvar med straffelova.

Snakka med 140 personar

– Til saman har vi snakka med 140 personar i Kongsberg, sa Omholt.

Politiet jobbar framleis med avhøyr, og det står enno att avhøyr av to vitne som var på eller rundt Coop Extra onsdag kveld.

– Bråthen har forklart seg detaljert om hendingsgangen. Det er sjekka ut mot det vitne har sagt og det stemmer ganske godt, sa Omholt.

Stikkvåpen

Det er allereie kjent at Bråthen skaut rundt seg med ei pil og boge. I tillegg til dette har politiet beslaglagt stikkvåpen som dei knyter til saka, men politiinspektøren ønskte altså ikkje å gå ut med nokon fleire detaljar om desse no.

Han kunne opplyse at sikta gjekk ut i Myntgata frå Coop Extra og nedover Peckels gate i sentrum av byen.

– Her skyt han mange piler, også mot folk. Det er òg her pil og boge blir funnen. Då han kjem til Hyttegata, har han ikkje lenger pil og boge. Det er her fem personar blir drepne med stikkvåpen. Nokon blir drepne inne i eigen bustad, nokon ute i det offentlege rommet, sa Omholt.

Sjukdom framleis hypotesen

Politiet har tidlegare oppgitt sjukdom som den mest sannsynlege hypotesen med tanke på motiv. Dette er framleis den sterkaste hypotesen.

Politiinspektøren sa vidare at dei ber om forståing for at dei må vente på etterforskinga med å skildre ein sikker hendingsgang rundt aksjonen til politiet og historia til sikta.

– Det handlar både om kva som ligg i motivet for handlingane, og detaljar knytt til hendingsgangen.

Politiet arbeider no mellom anna med kartlegging av motivet og historikken for sikta, avhøyr av vitne, kontakt med pårørande og fornærma, innhenting og gjennomgang av videomateriale, kriminaltekniske undersøkingar og digital etterforsking. Det er dedikerte etterforskarar på alle desse områda.

– Ei av oppgåvene framover blir mellom anna å kartleggje historikken til sikta. Dette arbeidet er prioritert, men vil ta noko tid, sa Omholt.

Han kunne òg opplyse at politiet har teke eit svært stort beslag i samband med Espen Andersen Bråthen.