Per-Willy Amundsen skal leie justiskomiteen på Stortinget

Frp har fordelt oppgåvene til stortingspolitikarane sine. Per-Willy Amundsen skal leie justiskomiteen, medan leiar Sylvi Listhaug blir utanrikspolitikar.
innenriks

Listhaug får følgje av Christian Tybring-Gjedde i Utenrikskomiteen på Stortinget.

Erlend Wiborg blir ny innvandrings- og integreringspolitisk talsperson, medan Hans Andreas Limi held fram som finanspolitisk talsperson, opplyser partiet i ei pressemelding.

– I stortingsgruppa vår er vi no 21 representantar som har venta i vekevis på å komme skikkeleg i gang. Vi har sett saman eit godt lag, seier partileiar Sylvi Listhaug.

Helge André Njåstad blir første nestleiar i kommunalkomiteen, medan Bård Hoksrud blir andre nestleiar i helsekomiteen.

Carl I. Hagen gjer comeback i kontroll- og konstitusjonskomiteen, der han tidlegare har vore medlem i 16 år.

Heile fordelinga til Frp ser slik ut:

Finanskomiteen: Hans Andreas Limi og Roy Steffensen

Utanrikskomiteen: Christian Tybring-Gjedde og Sylvi Listhaug

Justiskomiteen: Per-Willy Amundsen (komitéleiar) og Tor André Johnsen

Arbeids- og sosialkomiteen: Dagfinn Olsen og Gisle Meininger Saudland

Energi- og miljøkomiteen: Frank Sve og Marius Nilsen

Utdannings- og forskingskomiteen: Himanshu Gulati

Familie- og kulturkomiteen: Silje Hjemdal

Helse- og omsorgskomiteen: Bård Hoksrud (andre nestleiar) og Morten Wold

Kommunal- og forvaltningskomiteen: Helge André Njåstad (første nestleiar) og Erlend Wiborg (innvandrings- og integreringspolitisk talsperson)

Kontroll- og konstitusjonskomiteen: Carl I. Hagen

Næringskomiteen: Sivert Bjørnstad og Bengt Rune Strifeldt

Transport- og kommunikasjonskomiteen: Terje Halleland og Morten Stordalen

(©NPK)