NRK opprettar korrespondentkontor i Stockholm

NRK opprettar ei ny Norden-korrespondentstilling med base i Stockholm. Kanalen håpar vedkommande er på plass på nyåret.
innenriks

Det stadfestar utanrikssjef Sigurd Falkenberg Mikkelsen til Medier24.

Inntil 2008 hadde NRK eit eige korrespondentkontor i Stockholm. Dette kontoret vart lagt ned då journalist Berit Rekaa reiste heim.

Mikkelsen meiner ein fullverdig Norden-korrespondent, med mandat til å dekkje Norden, vil bidra til å løfte journalistikken om nabolanda, i tillegg til å styrkje NRKs løpande nyheitsdekning, og bidra til å finne nye stemmer frå dei ulike landa.

Norden-korrespondenten blir NRKs 11. korrespondent.

(©NPK)