Kongen tildelte Bjørn Tore Gjertsen kreftforskingspris

Bjørn Tore Gjertsen vart måndag tildelt Kreftforskningsprisen for forsking på aggressiv blodkreft.
innenriks

Utviklinga stod i praksis stille i 40 år før arbeidet til Gjertsen sørgde for at både prognosane og behandlinga har vorte mykje betre for pasientar med akutt myolegen leukemi (AML), skriv Kreftforeningen på nettsidene sine.

Gjertsen er overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.

Bjarne Bogen vart tildelt prisen for i fjor for bidraget sitt til utvikling av ein persontilpassa kreftvaksine.

Kong Olav Vs kreftforskingsfond deler årleg ut éin million kroner til ein kreftforskar, eller gruppe kreftforskarar, som har bidrege til å fremje kvaliteten og omfanget på den norske kreftforskinga.


(©NPK)