Ap klar med lagoppstilling på Stortinget

Arbeidarpartiet skal leie tre komitear på Stortinget, blant dei den mektige finanskomiteen.
innenriks

Der blir Aps Eigil Knutsen frå Hordaland leier.

Terje Aasland frå Telemark skal leie energi- og miljøkomiteen, medan Lene Vågslid frå same fylke blir leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen.

Aps andre 45 representantar er fordelte på dei i alt tolv komiteane. Finanskomiteen får flest med i alt seks Ap-representantar, medan energi- og miljøkomiteen får fem.

Resten av komiteane får mellom to og fire folkevalde frå Ap.

(©NPK)