Politiet trur sjukdom ligg bak ugjerninga

Politietterforskinga av drapa i Kongsberg tyder på at handlingane til gjerningsmannen har bakgrunn i sjukdom. Spørsmålet om han er tilrekneleg, blir sentralt.
innenriks

Politiinspektør Per Thomas Omholt opplyser fredag at den drapssikta Espen Hansen Bråthen (37) har erkjent alle dei faktiske handlingane som skjedde i Kongsberg onsdag kveld, men har ikkje erkjent straffskuld etter siktinga politiet har teke ut.

Bakgrunnen for det er at det er uvisse rundt helsetilstanden til 37-åringen. Bråthen skal no greiast ut for å avklare om han kan ha vore strafferettsleg utilrekneleg då han gjorde seg skuldig i handlingane onsdag kveld.

Torsdag vart han overført til ein helseinstitusjon der han òg vil bli under varetektsperioden.

– Det går på det subjektive i forhold til helse. Men han har erkjent dei faktiske forholda. Det stemmer godt det han forklarer så langt, og det er bra, seier Omholt.

(©NPK)