To av offera i Kongsberg døydde på sjukehuset

Tilsette på Kongsberg sjukehus fortel at to av dei som vart skadde onsdag kveld, døydde etter at dei hadde komme til sjukehuset.
innenriks

Kongsberg sjukehus vart sett i høgaste beredskap då dei onsdag kveld fekk inn dei første meldingane om angrepet og at fleire var skadde. Tre av dei som vart ramma, vart frakta til sjukehuset med så alvorlege skadar at det vart gitt livreddande førstehjelp.

– To av personane døydde og ein vart send vidare til Drammen sjukehus, fortel avdelingsoverlege anestesi Hege Paulsrud ved Kongsberg sjukehus til NRK.

– Det var først ein litt surrealistisk situasjon vi stod overfor. Det var litt vanskeleg å tru på då vi plutseleg fekk inn openbert livstruande, alvorleg skadde personar, seier ho vidare.

Kollega Stian Kristoffersen, som er avdelingsoverlege på medisinsk avdeling, fortel at mange av dei tilsette som jobba med pasientane er veldig prega. Hege Paulsrud seier det var skadane på pasienten som gjorde sterkast inntrykk.

– Det er veldig mange som jobba veldig hardt i går som er veldig prega i dag. Det var veldig sterke inntrykk som vi ikkje kjem til å gløyme, trur eg, seier Paulsrud.

Torsdag ettermiddag opplyser Vestre Viken helseføretak at pasienten som vart overført til Drammen sjukehus er skriven ut.

– Dermed er det ingen pasientar som kan knytast til valdshendinga på Kongsberg innlagt i Vestre Viken. Både Kongsberg sjukehus og prehospitale tenester har no gått ut av beredskap, opplyser helseføretaket.

(©NPK)