Tiltredingsdebatt for Støre-regjeringa neste veke

Noregs nye statsminister, Jonas Gahr Støre (Ap), planlegg å komme med tiltredingserklæringa til regjeringa for Stortinget måndag.
innenriks

Den vil følgjast av ein tiltredingsdebatt onsdag og torsdag.

På ein pressekonferanse torsdag kveld fortalde han at den nye regjeringa allereie har halde den første regjeringskonferansen sin.

– Vi er godt i gang. Departementa har fått den politiske leiinga si, seier Støre.

Støre-regjeringa beståande av Arbeidarpartiet og Senterpartiet tiltredde klokka 12 torsdag.

(©NPK)