Støre takka Solberg: – Du har sett Noregs interesser først

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) hadde med seg bok og blomster då han takka forgjengaren sin Erna Solberg (H) for innsatsen gjennom åtte år i jobben.
innenriks

– Eg legg politikken til side og vil bruke dette høvet til å takke deg, sa Støre til Solberg etter å ha fått nøkkelkortet til Statsministerens kontor.

Med seg hadde Støre ein blomsterbukett og ein kopi av boka «Landet mot nord» av Mona Ringvej.

– Du har vore statsminister i åtte år, og anten ein tilhøyrer den sida eller den sida, har folk kjent og sett ein statsminister som har gått på kvar dag for det ho trur på, og sett Noregs interesser først, sa Støre.

– Usemjene våre tek vi i diskusjonane seinare. Det har vore trygt for nordmenn i alle aldrar å vite at statsministeren alltid står på for landet, sa Støre.

Han rosa òg Solberg for innsatsen internasjonalt.

– Eg vil ønskje deg lykke til vidare, eg veit at det blir tøffe tak her, sa Ap-leiaren.

(©NPK)