Støre orientert om Kongsberg-saka

Justisminister Monica Mæland orienterte onsdag kveld påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre om drapa på Kongsberg. Støre kallar hendinga forferdeleg.
innenriks

Mæland møtte pressen saman med statsminister Erna Solberg (H) etter nyheita om at fleire personar hadde vorte drepne og skadde på Kongsberg onsdag kveld. Torsdag skal Solberg levere avskjedssøknaden sin og overlate statsministerjobben til Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) sa at ho allereie torsdag kveld hadde orientert Støre om hendinga.

– Eg har i kveld orientert påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre om det som har skjedd og har meldt til kommunen og politiet i Kongsberg og forsikra no at dei har dei ressursane dei treng, seier Mæland.

Forferdeleg handling

– Dette får ingen andre konsekvensar for den påtroppande statsministeren enn at vi har orientert om dette og at dei må vere klare til å handtere ein vanskeleg situasjon med ein gong dei tek over, forklarer Erna Solberg.

– Det vi har fått høyre frå Kongsberg i kveld, vitnar om at ei forferdeleg og brutal handling er gjort, uttaler Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

– Eg har i kveld vorte orientert av justisminister Monica Mæland om det som har skjedd. Mine tankar og djupaste medkjensle går no til dei ramma, familiane deira, og til politi, helsepersonell og hjelpemannskap som no jobbar for fullt for å skaffe oversikt og hjelpe dei som treng hjelp og oppfølging, seier Støre.

Må setje seg raskt inn

Solberg seier kriseberedskapssystemet i Noreg er godt og at det er politiet som handterer saka, men at det blir rapportert til Justis- og beredskapsdepartementet

– Det vil bety at ein ny justis- og beredskapsminister må setje seg inn i denne saka ganske raskt, seier Solberg.


(©NPK)