Støre: – Ikkje vanskeleg å trekkje linjene tilbake til Utøya

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) peika på Utøya-overlevande som bur i Kongsberg då han samanfatta hendingane som enda med fem drap onsdag kveld.
innenriks

– På dagar som denne, der grufulle drap skjer, er det jo ikkje vanskeleg å trekkje linjene tilbake til avrettingane på Utøya, seier Støre til NTB.

Han stadfesta at både han og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) reiser til Kongsberg fredag.

– Eg har partifellar som overlevde Utøya, og var alvorleg såra, og som bur på Kongsberg. Det gjer inntrykk på dei, vi bruker tid på å følgje dei opp, seier han.

Under presentasjonen av statsrådane på Slottsplassen torsdag ettermiddag peika Støre på at to av dei var Utøya-overlevande: kunnskapsminister Tonje Brenna og næringsminister Jan Christian Vestre (begge Ap). Den nye statsministeren seier det betyr at demokratiet har vunne.

– Det er eit uttrykk for kvar dei som vart ramma er no. Mange frykta at det kom til å setje ein heil generasjon ut av spel, og føre til at mange trekte seg ut av politikken, seier Støre til NTB etter ein pressekonferanse torsdag.

Han seier det ville vore eit viktig poeng for han at to av statsrådane var overlevande frå terrorangrepet på Utøya, uavhengig av bakteppet som prega regjeringsskiftet torsdag.

– Mange unge har komme vidare, vunne både respekt og erfaring, og er i dag blant våre aller dyktigaste politikarar.

(©NPK)