Solberg gav Støre nøkkelen til Statsministerens kontor

Det er litt vemodig for meg å overlate Statsministerens kontor til nokre andre, sa Erna Solberg då ho gav nøkkelkortet til statsminister Jonas Gahr Støre.
innenriks

– Statsministerens kontor er ein fantastisk stad å vere, og det er fantastiske embetsfolk som jobbar her, som er godt trena i å møte politikarar med ulike idear og tankar, sa Solberg. 

Ho sa at Støre har mykje å gle seg til i sjefsstolen på kontoret, og at det òg er ein fin stad i tunge stunder.

– Eg veit ikkje om du har fleire hår som kan bli grå, men du kjem nok til å oppleve krevjande og tunge dagar òg. Då er dette ein fin stad å trekkje seg tilbake til, sa Solberg.

Ho overrekte blomstrar og nøkkelkortet til kontoret.

– Eg fekk aldri nokon kode av Jens, så du får heller ingen kode. Det må du be om å få, men eg har aldri opplevd at det har vore ei einaste stengd dør her, sa Solberg.

Eg leverer frå meg eit Noreg som er i god stand, og som har stått i ein veldig vanskeleg situasjon under pandemien. Det er eit land det er eit privilegium å få vere statsminister i, sa ho.

(©NPK)