Politiet om Kongsberg-drapa: Sikta erkjenner forholda

Politiet opplyser at den sikta etter Kongsberg-drapa erkjenner dei faktiske forholda.
innenriks

– Han erkjenner forholda, seier politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen til TV 2.

Det er ikkje kjent korleis sikta stiller seg til skuldspørsmålet.

Mathiassen stadfestar òg overfor kanalen at sikta, som er ein dansk statsborgar i 30-åra, er ein kjenning av politiet i samband med fleire ulike forhold.

Mannen har ifølgje politiadvokaten òg vore i kontakt med helsevesenet fleire gonger. Han blir truleg bli framstilt for varetektsfengsling onsdag.

Det var klokka 18.13 onsdag kveld politiet fekk fleire meldingar om at ein person hadde skote etter folk med pil og boge i Kongsberg. Klokka 18.47 vart ein mann arrestert.

Fem personar er stadfesta døde. I tillegg er to personar skadde.