PST-sjefen: – Meiner det er gjort gode vurderingar

PST har gjort gode og rette vurderingar om den sikta i Kongsberg tidlegare, meiner PST-sjef Hans Sverre Sjøvold.
innenriks

– Eg skjønner godt at spørsmålet kjem opp, seier Sjøvold på ein pressekonferanse torsdag.

Spørsmålet frå journalisten dreidde seg om kva Politiets tryggingsteneste synest om sin eigen innsats etter to terrorangrep og eitt mogleg terrorangrep i Noreg dei siste ti åra.

– Eg er ikkje den rette til å svare på det, seier PST-sjefen.

Seksjonsleiar Arne Kristian Haugstøl legg til at måten angrepet skjedde på gjer det vanskeleg å fange opp.

– Det er éin gjerningsperson. Erfaringa tilseier at det er ein kort planleggingshorisont, og han har brukt enkle midlar og våpen. Dei sakene er veldig vanskelege for ei tryggingsteneste å fange opp, seier Haugstøl.

Han legg til at det blir beskrive i PSTs vurderingar som det ein fryktar mest.

– Både vi og andre finn det veldig vanskeleg.

(©NPK)