PST: Vanskeleg å fange opp angriparar som i Kongsberg

PST-sjef Hans Sverre Sjøvold seier det ikkje er tvil om at drapa på Kongsberg står fram som ei mogleg terrorhandling.
innenriks

På ein pressekonferanse utanfor Politiets tryggingstenestes (PST) hovudkontor i Oslo sa Sjøvold at PST jobbar aktivt med saka.

– Vi hjelper Søraust politidistrikt med det vi kan av informasjon. Vi jobbar sjølvsagt òg med å finne ut om dette kan inspirere andre til å gjere seg skuldig i liknande handlingar, seier Sjøvold.

Han la til at det er viktig at etterforskinga får gå sin gang. PSTs rolle førebels i saka er å hjelpe Søraust politidistrikt som har ansvar for etterforskinga.

Fornøgd med vurderingane

Sjøvold meiner PST har gjort gode og rette vurderingar av den sikta Espen Andersen Bråthen tidlegare.

– Eg skjønner godt at spørsmålet kjem opp, la han til.

Leiar for seksjon for kontraterror Arne Christian Haugstøyl legg til at det er vanskeleg å fange opp angrep som dette.

– Det er éin gjerningsperson. Erfaringa tilseier at det er ein kort planleggingshorisont, og han har brukt enkle middel og våpen. Dei sakene er veldig vanskelege for ei tryggingsteneste å fange opp, seier Haugstøyl.

Han legg til at det blir beskrive i PSTs vurderingar som det ein fryktar mest.

– Både vi og andre finn det veldig vanskeleg.

Peikar på psykisk helse

Sjøvold stadfesta at Bråthen er kjent for PST frå før, men viser òg til at den sikta no skal gjennom ein prejudisiell observasjon med tanke på å få ei fagleg vurdering av spørsmålet om han var tilrekneleg.

– Dette er ein person som har gått ut og inn av helsevesenet ein periode så eg trur det er viktig at vi får denne historikken fram, seier Sjøvold.

– Vi var kjende med vedkommande. Korleis vi var det må vi først og fremst dele med Søraust politidistrikt, seier seksjonsleiar Arne Christian Haugstøyl i PST.

(©NPK)