PST: Hendinga på Kongsberg står fram som ei terrorhandling

Politiets tryggingsteneste meiner valdshandlingane på Kongsberg står fram som ei terrorhandling.
innenriks

Etterforskinga vil avklare nærare kva hendingane var motiverte av. Trusselnivået i Noreg blir framleis vurdert som moderat, skriv Politiets tryggingsteneste (PST) i ei pressemelding torsdag.

PST hjelper no Søraust politidistrikt med all relevant informasjon dei måtte ha som kan bidra i etterforskinga. Den sikta i saka er kjend for tenesta frå før.

Samtidig arbeider dei med å undersøkje om det som har skjedd, kan inspirere andre til å gjere seg skuldig i alvorlege valdshandlingar, som følgjeaksjonar eller hemnaksjonar. Tryggingstenesta legg til at dei ikkje har opplysningar per no om at så er tilfelle.

Uendra trusselbilete

PST vurderer kontinuerleg trusselbiletet i Noreg og meiner at det som skjedde på Kongsberg, ikkje endrar det nasjonale trusselbiletet.

PST ser det framleis som mogleg at ekstreme islamistar og høgreekstreme vil prøve å gjennomføre terrorangrep i Noreg.

PST vurderer at det mest sannsynlege scenarioet ved eit ekstremt islamistisk terrorangrep i Noreg er angrep utført av éin eller få gjerningspersonar med enkle våpentypar, mot mål med få eller ingen sikringstiltak.

Eit folkerikt sivilt mål

I juni i år sende PST ut ei pressemelding der dei mellom anna skreiv at eit eventuelt ekstremt islamistisk terrorangrep i Noreg mest sannsynleg vil ramme eit folkerikt sivilt mål med lågt sikringsnivå.

I ei melding frå mai 2019 heit det at det mest sannsynlege «modus operandi» for eit potensielt terrorangrep i Noreg blir vurdert å vere angrep mot lett tilgjengelege mål med relativt enkle middel, gjort av éin til to personar.

Erfaring viser at terrorangrep ofte vil gå føre seg inntil gjerningspersonane blir uskadeleggjorde av politiet. Evne til rask respons er derfor avgjerande for å redusere skadeomfanget, skriv Politiets tryggingsteneste.