Låg influensaaktivitet i Noreg

Det er ikkje påvist influensavirus i den første veka i den nye influensasesongen. Sidan mai i fjor er det registrert 23 influensatilfelle i Noreg, ifølgje FHI.
innenriks

Det er no oppstart av ein ny influensasesong. Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) viser overvakinga frå førre veke at influensaaktiviteten i Noreg er svært låg.

I førre veke (veke 40) fekk 0,2 prosent av dei som gjekk til legen, diagnosen influensaliknande sjukdom, noko som indikerer svært lågt nivå av influensa.

Nivået er svært lågt i alle fylke, ifølgje FHI.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det ikkje påvist influensavirus i den første veka i den nye sesongen. I heile perioden sidan mai 2020 er det berre påvist 23 influensavirus.

Dei skriv at rundt ein tredel av alle viruspåvisingar førre sesong vart gjort heilt i slutten av sesongen.

(©NPK)