Jonas Gahr Støre reiser til Kongsberg fredag

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil fredag reise til Kongsberg saman med justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
innenriks

Støre vigde angrepet i Kongsberg betydeleg merksemd på den første pressekonferansen sin som statsminister torsdag kveld. Han omtalte saka der fem personar vart drepne og to skadde som eit forferdeleg angrep på uskuldige menneske.

– Vi håpar å få til eit besøk på Kongsberg, justisministeren og eg, i morgon på dagen, for å gi uttrykk for støtte og lytte til kva dei har opplevd, sa Støre på pressekonferansen.

Reiser utpå dagen

I eit Facebook-innlegg stadfestar statsministeren at han saman med justisminister Emilie Enger Mehl reiser til Kongsberg fredag.

– Eg ønskjer å uttrykkje mi djupaste medkjensle med dei ramma på Kongsberg og med eit heilt samfunn som er i sjokk og sorg etter dei grufulle handlingane som vart gjort i går, skriv Støre i innlegget.

Til NTB seier Støre at tidspunkt for reisa endå ikkje er fastsett, men at det truleg blir eit stykke utpå dagen.

Vil vise solidaritet

Støre understrekar at han reiser på vegner av folket.

– Vi legg vekt på å vise solidaritet og lytte til erfaringane dei har hatt, seier han til NTB.

Vidare seier Støre at handlingane på Kongsberg rammar byen på ein måte som han trur rører ved heile det norske folket.

– Då skal regjeringa vere der på vegner av folket, og gi uttrykk for støtte og solidaritet.