Ingen positiv regjeringseffekt for Ap og Sp på ny måling

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som torsdag overtek regjeringsmakta her i landet, fell marginalt på ei ny meiningsmåling. SV får auka oppslutning.
innenriks

Målinga er gjennomført av Opinion for FriFagbevegelse, Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Ap får på oktobermålinga ei oppslutning på 25,4 prosent, noko som er 0,5 prosentpoeng lågare enn valresultatet 13. september. Regjeringspartnar Sp fell 0,4 prosentpoeng til 13,1 prosent. SV, som etter sonderingar valde å ikkje gå i regjering, går fram 0,9 prosentpoeng til 8,5 prosent.

For resten av partia er oppslutninga som følgjer: Raudt 5,3 (+0,6), KrF 3,8 (uendra), Venstre 4,7 (+0,1), MDG 3,8 (-0,1), Høgre 21,5 (+1,1), Frp 11,0 (-0,6) og andre 2,6 (-1,0).

Målinga viser òg at KrFs veljarlojalitet er låg. Av dei som stemde på partiet ved valet, tviler kvar fjerde på om dei ville ha gjort det om det var nytt val i morgon. Dei andre partia har ein veljarlojalitet opp mot 90 prosent.

Målinga baserer seg på 977 telefonintervju mellom 5. og 11. oktober. Feilmarginen er mellom 1 og 3 prosentpoeng og varierer med storleiken på partia.

(©NPK)