Grunnstøyting ved Ombo i Rogaland kom av feilnavigering

Feilnavigering forårsaka grunnstøytinga til hurtigbåten MS Fjordlys 5. september, konkluderer Norled.
innenriks

47 passasjerar måtte evakuerast då hurtigbåten MS Fjordlys gjekk på grunn 5. september i år ved øya Ombo i Rogaland. Etter ei grundig intern gransking har reiarlaget Norled no konkludert at grunnstøytinga skjedde som følgje av feilnavigering, skiver Stavanger Aftenblad.

– Det vart vald feil lei for seglinga gjennom Eidssund. Den nordre leia skal nyttast gjennom sundet, men på denne turen vart den sørlege leia nytta, seier kommunikasjonssjef i Norled, Cathrine Gjertsen.

Ei lei er ein sjøveg berekna for skipstrafikk.

Norled seier til avisa at dei vil følgje opp hendinga internt for å unngå liknande ulykker i framtida. Funn frå granskinga vil òg bli presentert for Sjøfartsdirektoratet.

Saka er framleis under etterforsking hos Sørvest politidistrikt.

(©NPK)