Fleirtal på Stortinget for krav om å sikre sjøfolk norsk lønn

Støre-regjeringa vil innføre krav om norske lønns- og arbeidsvilkår for sjøfolk. Dei får støtte frå SV og Raudt og har dermed fleirtalet i ryggen.
innenriks

Det er i den heilt ferske regjeringsplattforma deira at Ap og Sp kjem med dette løftet: «Det skal innføres krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvann og på norsk sokkel, herunder offshoreflåten».

Både SV og Raudt stadfestar overfor FriFagbevegelse at dei støttar saka. Dermed har Støres mindretalsregjering det fleirtalet dei treng i Stortinget, ifølgje same nyheitsportal.

– Vi har lenge ønskt ei lovregulering av norske lønns- og arbeidsvilkår til sjøs i Noreg, og det viktige arbeidet kjem vi til å jobbe vidare for i det nye Stortinget, seier SV-nestleiar Kirsti Bergstø.

Støre kan òg vente seg Raudt si støtte, stadfestar Raudt-nestleiar Silje Kjosbakken.

– Vi jobbar systematisk mot sosial dumping, også på norsk sokkel, så dette støttar vi absolutt. Med eit fleirtal på Stortinget, kan vi innføre krav om norske vilkår til sjøs i Noreg, seier Kjosbakken.

(©NPK)