Årets influensa er allereie i Europa

Helsestyresmaktene veit ikkje kor alvorleg årets influensasesong blir, men for første gong har vi ein pandemi samtidig. Folk har mindre vern frå fjoråret.
innenriks

– Vi har aldri før hatt tilgjengeleg så mange vaksinar før ein influensasesong, seier Karoline Bragstad til NTB.

Ho er leiar for Seksjon for influensa og annan luftsmitte ved Folkehelseinstituttet. FHI har ansvaret for den nasjonale overvakinga av influensa og vaksinasjonsprogrammet for sesonginfluensa.

– Vi står på terskelen til årets sesong, der det er registrert tilfelle i Noreg av ei ny utgåve av influensa A (H3N2)-virus. Denne har gitt nokre store utbrot i Sør-Asia og har dominert influensatilfella tidleg på hausten globalt. Vi ser første teikn til auke av influensa i Europa no, tidlege teikn på at noko er på gang, utan at vi kan seie at det er spreiing enno, seier ho.

I snitt blir det anslått at 900 personar døyr av sesonginfluensa per år, men nokre år har influensaen vorte knytt til opptil 2.000 dødsfall og over 7.500 innleggingar.

Årets situasjon avheng av kor hissig viruset er, kor stor grad av immunitet folk har etter førre års sjukdom eller vaksinasjon og kor mange som tek grep for å verne seg i inneverande sesong.

Lite vern

På grunn av koronatiltak var det historisk låge smittetal og vaksinasjon førre influensasesong. Det betyr at det er lite, om noko, vern i befolkninga når årets influensasmitte kjem for fullt.

–Sjølv om vi hadde lite influensa i Noreg i fjor og sist vinter, har jo viruset eksistert i andre land, og ikkje minst forandra seg i halvtanna år, seier Bragstad.

Ho seier vi aldri før har hatt pandemi og influensasesong samtidig.

– Vi ser at no som sosial aktivitet og reising tek seg opp igjen, kjem infeksjonssjukdommar som influensa tilbake. Sidan koronaen ikkje er over, fryktar vi ein hardare haust og vinter med fleire sjuke. Men kor ille det blir, veit vi ikkje, og det er avhengig av kva virus som vil gi epidemi i Noreg.

FHI understrekar kor viktig det er at helsepersonell er vaksinert, i ein sesong med potensielt mange sjuke med influensa eller korona. Det gjeld ikkje minst kommunehelsetenesta og dei som jobbar tett på risikogrupper.

Fire virusvariantar

Det er i år fire virusstammar i influensavaksinane som blir tilbodne, etter råd frå Verdshelseorganisasjonen (WHO). To av virustypane det blir verna mot, har endra seg noko. H3-varianten som dominerer dei få smittetilfella oppdaga til no, er ny.

Sidan 1976 er det gjennomført ei seroepidemiologisk undersøking som skal vise nivået av vernande antistoff mot aktuelle influensavirus i befolkninga.

Årets undersøking er ikkje fullført enno, men er i gang hos FHI.

– Då vil vi få svar på om vi har noko vern overfor dei nye virusa. WHOs undersøkingar hittil viser at virusa har endra seg og at folk blir venta å ha litt mindre vern, seier Bragstad.

Vaksinasjon i gang

I oktober byrja utrulling av vaksinar til heile landet. I fjor gjekk Noreg tom for influensavaksine, etter at FHI berre fekk få tak i 1,2 millionar dosar. Det dekkjer berre to tredelar av behovet.

I år har dei 1,8 millionar dosar og rekordhøg førehandsbestilling.

Torsdag klokka 8 kjem tal på vaksinasjonsdekning blant risikogrupper og helsepersonell sist sesong. På framlegginga vil det mellom anna bli diskutert haldningar til influensavaksine i Noreg. Dei siste åra har stadig fleire late seg vaksinere, men det er likevel eit stykke igjen før Noreg når målet om 75 prosent vaksinasjonsdekning blant målgruppene.

Ei undersøking gjort av Norstat for Apotekerforeningen viste nyleg at 40 prosent i Noreg er sikre på eller seier det er sannsynleg at dei vil ta influensavaksine i haust. Heile 75 prosent i risikogruppene over 65 år seier at dei truleg tek vaksinen, noko Bragstad er veldig fornøgd med.

– Tidlegare har det vore slik at helsepersonell i primærhelsetenesta ikkje har vore betre vaksinert enn befolkninga elles. Men no som vi har sett kor gode både dei og personar i risikogruppene har vore til å ta covid-vaksine, er det håp om at fleire også tek imot tilbod om og sjå nytta av gratis influensavaksine i år, seier ho.

Undersøkinga avdekkjer òg noko uvisse hos folk om dei treng vaksine. Heile 36 prosent seier at dei ikkje veit om koronavaksinen vernar mot influensa òg.

– Covid-19-vaksine gir i det heile ingen vern mot influensa – og omvendt. Derfor er det viktig å vere verna mot begge delar – med vaksine, seier Bragstad.



(©NPK)