Politiet vurderer om drapa på Kongsberg var terror – trur gjerningsmann handla åleine

Fleire personar vart drepne og fleire skadde av ein mann med pil og boge på Kongsberg. Politiet trur han handla åleine og vurderer om det er ei terrorhandling.
innenriks

På ei pressebrifing klokka 22 sa Øyvind Aas, driftssjef i Buskerud-politiet, at det er fleire som er drepne og skadde i hendinga.

– Vi meiner det er éin person som har utført desse handlingane åleine. Det er naturleg å vurdere om det er ei terrorhandling. Vedkommande er ikkje avhøyrt, seier Aas.

Politiet jobba onsdag kveld med å varsle dei pårørande.

Aas stadfesta òg at det var ein konfrontasjon mellom politiet og gjerningsmannen før han kom seg unna politiet. Litt seinare vart han arrestert. Ingen politifolk vart skadde i konfrontasjonen, seier Aas.

– Det er mange åstader – denne personen har bevega seg over eit stort område der det er gjort straffbare handlingar, seier Aas.

Pil og boge

Det starta med at politiet fekk fleire meldingar klokka 18.13 om at ein person hadde skote etter folk med pil og boge i Kongsberg. 18.47 vart mannen arrestert.

Eit større område i sentrum vart sperra av og evakuert og det var ein omfattande politioperasjon. Vitne melde om eit titals ambulansar som var på veg mot Kongsberg.

Onsdag kveld var framleis store delar av sentrum sperra av. Politiet opplyser at det er fordi dei må få kontroll over åstadene.

– Handla åleine

– Mannen som har utført handlinga, er arrestert av politiet, og det går føre seg ikkje aktivt søk etter fleire personar. Ut frå dei opplysningane vi har, er det éin person som stod bak dette, seier Aas.

Politiet stadfesta i 20.30-tida at dei rekna situasjonen for å vere under kontroll.

Fleire av dei skadde vart køyrde til sjukehuset på Kongsberg, medan Drammen sjukehus vart sett i beredskap. Oslo universitetssjukehus tok på seg ansvaret for å koordinere AMK-operasjonen.

I tillegg vart åtte ambulansar sende frå Oslo, stadfestar pressevakt Anders Bayer ved Oslo universitetssjukehus til NTB.

– Stor aktivitet

Eit vitne NTB har snakka med, fortel at det i løpet av kvelden har vore stor aktivitet i sentrum av byen.

– Eg høyrde at alarmen gjekk på Coop, men tenkte ikkje så mykje på det. Så høyrde eg at det kom ambulansar og politibilar, seier Marit Hoefle, som bur i Christian IV. dess gate Kongsberg sentrum, til NTB.

Hoefle bur like bak Coop Extra-butikken der delar av hendinga i Kongsberg skjedde. Politiet har stadfesta at det er omkomne og fleire skadde i hendinga.

Ho sa i 21-tida onsdag kveld at politiet går rundt med lommelykter og ser gjennom garasjar og bakgardar i Kongsberg sentrum.

Hoefle seier at det i løpet av kvelden har vore stor aktivitet og mykje politifolk som har gått inn og ut av eitt av nabohusene deira.

– Det er veldig mange svartkledde politifolk som går rundt her. Det har òg vore politi som har banka på hos oss og spurt om vi har det bra, seier ho.

Fleire åstader

Politiet seier at gjerningsmannen har gått rundt, og at det derfor er fleire åstader over eit større område.

I tillegg til politiet frå Sørøst, bidrog politiet frå Oslo og beredskapsstroppen (Delta) i aksjonen. Fleire luftambulansar vart sende til staden.

Det vart først meldt at vitne fortalde at militære styrkar hjelpte til i aksjonen, men Forsvarets operative hovudkvarter seier til NTB at dei ikkje har vorte bedne om å hjelpe.

– Operasjonssentralen vår har heller ikkje lagt nokon ressursar i denne saka, seier talsperson Preben Aursand ved FOH.

Arrestert

Politiet vil ikkje gå i detaljar om korleis arrestasjonen av gjerningsmannen fann stad. I ei pressemelding stadfesta politiet at det er ein mann som er arrestert, og at det ikkje går føre seg eit søk etter fleire gjerningspersonar.

Politiet tryggingsteneste (PST) har stadfesta at dei har vorte orienterte om saka. Det er også justisminister Monica Mæland.

Mæland og statsminister Erna Solberg skal ha ei pressebrifing seint onsdag kveld, har NTB fått opplyst.

– PST er orientert. Vi er i tett dialog med ordinært politi, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til NTB onsdag kveld.

Det var VG som først melde at PST var orientert.

Ordførar: Har ikkje ord

Ordførar Kari Anne Sand seier kommunen har mobilisert og sett krisestab for å kunne ta imot ramma.

– Det er ein tragedie for alle dei som er ramma. Eg har ikkje ord, seier Sand til VG.

Det har vorte oppretta eit senter der pårørande og andre involverte kan få bistand på Gyldenløve Hotell, skriv Laagendalsposten.

– Vi prøver å løyse situasjonen og vareta dei som er ramma på ulike måtar, seier ordføraren.