Politiet stadfestar konfrontasjon med gjerningsmannen på Kongsberg

Politiet stadfestar at det var ein konfrontasjon mellom gjerningsmannen på Kongsberg og politiet, men seier at ingen politifolk vart skadde i konfrontasjonen.
innenriks

På spørsmål om det vart løyst skot mot gjerningsmannen, sa Øyvind Aas, leiar i driftseininga i Buskerud-politiet, at det først var ein konfrontasjon mellom gjerningsmannen og politiet, før mannen forsvann frå politiet og seinare vart arrestert.

– Vi har ingen skadde blant politiet som var involvert i aksjonen, seier Aas.

På pressebrifinga sa han òg at det er naturleg for politiet å vurdere om hendinga er ei terrorhandling. Fleire er drepne, stadfestar Aas, men han vil ikkje gå ut med kor mange.

(©NPK)