Politiet: Fem personar drepne og to skadde på Kongsberg

Politiet stadfestar at fem personar vart drepne på Kongsberg onsdag kveld. To personar er skadde, blant dei ein politimann som ikkje var på jobb.
innenriks

Det sa Øyvind Aas, driftssjef i Buskerud-politiet, på ein pressekonferanse klokka 23.15 onsdag kveld.

– Det er fem drepne og to som er skadd. Den eine skadde er ein politimann som var i butikken på fritida si, seier Aas, som legg til at pårørande til dei drepne og skadde er varsla.

Politiet vil ikkje gå inn på alder og kjønn på dei som er drepne, men seier at dei har tilknyting til staden.

– Dei drepne har tilknyting til området dette skjedde i. Det er naturleg, sa Aas.

– Eg kan ikkje svare på om det er ein relasjon mellom gjerningsperson og offera. Vi forheld oss til offera som er og vil undersøkje om det er ein relasjon, sa han òg.

Aas seier at politiet fyrte av varselskot før arrestasjonen. Den arresterte mannen brukte pil og boge i angrepa.

– Det er naturleg å vurdere om dette er ei terrorhending, seier Aas vidare.

Politiet mistenkjer ikkje at fleire personar var involverte i angrepet på Kongsberg enn mannen som er arrestert. Den arresterte mannen er køyrd til arresten i Drammen.

Det gjekk ein halvtime frå politiet kom til staden til mannen vart arrestert. Aas opplyste mot slutten av pressekonferansen at dei ønskjer tips på tipstelefon 47696400 i samband med denne saka.