Politiet: – Naturleg å vurdere om hendinga på Kongsberg er ei terrorhandling

Politiet seier det er naturleg å vurdere valdshendinga på Kongsberg, der fleire personar er drepne, som ei terrorhandling.
innenriks

Det seier Øyvind Aas, leiar i driftseininga i Buskerud-politiet. Han stadfesta på ei orientering onsdag kveld at fleire er drepne.

– Vi meiner det er ein person som har utført desse handlingane åleine. Det er naturleg å vurdere om det er ei terrorhandling. Vedkommande er ikkje avhøyrt, seier Aas.

– Det er mange åstader – denne personen har bevega seg over eit stort område der det er gjort straffbare handlingar, seier Aas.

Han stadfestar at det har vore ein konfrontasjon mellom gjerningsmannen og politiet, men seier at det ikkje er skadde politifolk.