Erna Solberg: – Meldingane som kjem frå Kongsberg i kveld, er grufulle

Statsminister Erna Solberg seier at det er ein svært dramatisk situasjon som har funne stad i Kongsberg. – Hendingane skakar oss, seier ho.
innenriks

– Meldingane som kjem frå Kongsberg i kveld, er grufulle. Det er ein svært dramatisk situasjon som rammar Kongsberg-samfunnet, seier statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse klokka 22.45 onsdag kveld.

– Hendingane skakar oss, seier Solberg.

Statsministeren understrekar at det er mykje vi ikkje veit om det som har skjedd.

– Eg forstår at mange er redde, men politiet meiner at dei no har kontroll, seier ho.

– Våre tankar går til dei som er ramma av dette og deira næraste, seier statsministeren.