NHO: – Budsjettet er eit steg i rett retning, men det må meir til

Statsbudsjett er eit steg i rett retning, men det må meir til for å setje fart på omstillinga, meiner NHO-sjef Ole Erik Almlid.
innenriks

Han siktar til det næringslivsorganisasjonen karakteriserer som vår tids to viktigaste utfordringar – å skape nok jobbar og kutte klimagassutsleppa.


Regjeringa legg opp til å auke CO2-avgifta som eit klimatiltak, men NHO skulle gjerne sett at meir av denne auken vart ført tilbake til målretta omstillingstiltak for næringslivet.

– Vi ønskjer òg ei sterkare satsing på breiband og digitalisering Noreg enn det regjeringa legg opp til. Det treng vi for å kunne etablere nye, grøne arbeidsplassar over heile landet, seier Almlid til NTB.


Han påpeikar at sjølv om tempoet er høgt i utviklinga av fornybarnæringane i Noreg, er det høgare i konkurrentlanda våre.

– Budsjettet kunne lagt opp til større satsingar innan batteri, hydrogen og havvind, mellom anna med auka risikoavlasting. Her ligg det moglegheiter for den påtroppande regjeringa, seier NHO-sjefen.


Han rosar at oljepengebruken blir stramma inn i budsjettforslaget.

– Etter ein periode med heilt nødvendige støttetiltak, klarer regjeringa no å vende tilbake til ein meir berekraftig oljepengebruk, seier Almlid.

(©NPK)