Teknologirådet slettar Facebook-sida si

Etter 13 år på Facebook har det offentlege organet Teknologirådet bestemt seg for å slette sida si.
innenriks

Avgjerda kjem etter at Datatilsynet har konkludert med at dei vel å ikkje bruke Facebook i kommunikasjonsarbeidet sitt fordi dei meiner det medfører ein for høg risiko for rettane og fridommane til brukarane.

– Med vurderinga Datatilsynet har publisert om kvifor dei sjølv ikkje kan ha ei side på Facebook, ser vi at den einaste måten å minimere deling av data om brukarane våre på Facebook er å slette Teknologirådet på Facebook, skriv Teknologirådet i ei oppdatering på nettsidene sine.

Rådet opplyser at dei har hatt ein relativt avgrensa bruk av Facebook, hovudsakleg for å spreie informasjon om saker frå eigne nettsider, arrangement og mediesaker der dei er kjelde. 

Teknologirådet er eit offentleg organ for teknologivurdering som gir råd til Stortinget og regjeringa om ny teknologi. Ein viktig del av samfunnsoppdraget til rådet er òg å bidra til den offentlege teknologidebatten.

(©NPK)