721 nye koronasmitta personar registrert i Noreg siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 721 koronasmitta i Noreg. Det er 261 færre enn same dag førre veke og tredje dag på rad med fallande smittetal.
innenriks

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 699 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.012.

Torsdag var 100 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 13 færre enn dagen før.

33 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 18 på respirator. Det er éin fleire på intensiv og like mange på respirator som dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

(©NPK)