185 nye koronasmitta registrert i Oslo siste døgn

Det er registrert 185 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 109 færre enn same dag førre veke, og 71 færre enn onsdag.
innenriks

Dei siste to vekene er det i snitt registrert 287 smitta per dag i Oslo, og no har tala på nye smitta falle tre dagar på rad.

Smittetala er høgast i Søndre Nordstrand bydel. Her er det eit smittetrykk på 802 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.

Deretter følgjer Grorud og Stovner bydel med høvesvis 794 og 720.

Tala er lågast i bydelane St. Hanshaugen, Frogner og Grünerløkka, der smittenivået er om lag det halve av nivået i dei hardast ramma bydelane.

Til saman er 51.431 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.


(©NPK)