Riksrevisjonen skal på nytt kontrollere Stortinget

Riksrevisjonen tek opp att praksisen med å kontrollere at Stortingsadministrasjonen følgjer lover og reglar.
innenriks

– Det er gledeleg at Stortingets presidentskap no har snudd og på nytt opnar døra for at Riksrevisjonen kan kontrollere om Stortingsadministrasjonen etterlever lover og reglar. Det er ein viktig del av arbeidet vårt med offentlege rekneskapar og avgjerande for tilliten til Stortinget – den viktigaste demokratiske institusjonen vår, seier riksrevisor Per-Kristian Foss i ei pressemelding.

Dei siste dagane har temaet vore oppe til diskusjon i samband med den såkalla pendlarbustad-saka. Foss uttalte nyleg at han gjerne skulle ha gått inn i saka, men at han ikkje kunne.

Trøa: – Misforståing

I 100 år kontrollerte Riksrevisjonen at Stortinget vart drive etter lover og reglar. Foss ville halde fram den tradisjonen, men i 2017 sette presidentskapet foten ned.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) har likevel peika på at det var ei misforståing at Riksrevisjonen ikkje lenger fekk kontrollere at Stortingsadministrasjonen etterlever lover og reglar.

Torsdag kveld sende derfor Riksrevisjonen eit brev til Trøen der dei informerer om at dei tek opp att kontrollen av Stortingsadministrasjonen.

Vurderer revisjon av pendlarbustadordning

Foss seier det er for tidleg å seie kva saker dei eventuelt kjem til å sjå på.

– I første omgang vil vi kartleggje rutinar, prosedyrar og kontrolltiltak i Stortingsadministrasjonen. Vi kjem òg til å sjå på kva kontrollar dei sjølv har sett i gang. Basert på dette skal vi avgjere om det er aktuelt for oss å gjennomføre etterlevelsesrevisjonar på områda som har vore i søkjelyset den siste tida, seier han.

(©NPK)