Løyndomsfulle partileiarar etter første dag med sonderingar

Det er framleis i det blå om Noreg får ei raudgrøn fleirtalsregjering. Sonderingane held etter alle solemerke fram fredag.
innenriks

Ingen nyheiter steig opp frå kjellaren på Hurdalsjøen Hotell utover ettermiddagen torsdag, der Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sonderer moglegheitene for å danne regjering saman.

Forhandlingane vil gå føre seg så lenge partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Audun Lysbakken (SV) orkar å halde på, får NTB opplyst.

Ved 20-tida åt dei middag i forhandlingsrommet, med kvite dukar og tende lys.

Det var ikkje lagt opp til noka orientering til pressa torsdag kveld.

Stridstema

Bak attrekte gardiner sit partileiarane saman med sine nestkommanderande, høvesvis Hadia Tajik (Ap), Marit Arnstad (Sp) og Kirsti Bergstø (SV) for å komme gjennom ein heil katalog med politiske stridstema.

Blant desse er truleg oljeleiting og CO2-avgift, EØS-avtalen og rovdyrpolitikk. Og ikkje minst klimakutt og skatte- og distriktspolitikk.

Men nøyaktig kva dei snakkar om, og om dei vil ta dei vanskelegaste temaa først eller sist, er det få som veit.

Posisjonering

Også posisjoneringa i ei framtidig fleirtalsregjering kan bli tema. Matematikken tilseier at Ap får elleve statsrådar, inkludert statsministeren, medan Sp får seks og SV tre, har VG rekna ut.

Ifølgje avisa har likevel SV forventningar om fire ministerpostar, noko valforskar Johannes Bergh stadfestar.

– Å ta til takke med tre statsrådar trur eg er vanskeleg for SV. Det blir nok ein del av heilskapen i forhandlingane, der både politikk og posisjonar ligg på bordet, seier han til VG.

Sonderingane kan vere ferdige allereie fredag, då partileiarane uansett skal ta helgefri.

Laurdag skal SV i tillegg ha landsstyremøte. Eit eventuelt ja til å gå i regjeringsforhandlingar skal forankrast der. Landsstyret skal òg setje seg ned og gi mandat til eit forhandlingsutval.

Etter det NTB kjenner til, vil utvalet i praksis bli tre eller fire personar frå arbeidsutvalet til SV, som er sett saman av partileiar Audun Lysbakken, nestleiarane Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes, og dessutan partisekretær Audun Herning og Aila Kamaly frå Gjøvik.

Både Støre og Vedum har gjort det klart at dei allereie har alle fullmakter frå partia sine.

Sprekk om uravstemming

Ei anna sak som kan slå ein sprekk i sonderingane, er landsmøtevedtaket til SV om å forankre forhandlingsresultatet gjennom ei uravstemming. Det betyr at regjeringsplattforma vil bli offentleg kjend fleire dagar før det blir klart om SV seier ja.

Dette har vekt stor uro i Senterpartiet. Men Vedum ville torsdag ikkje svare direkte på spørsmål frå NTB om Sp vil stille krav om at SV legg vekk planane om uravstemming, noko SV konsekvent har nekta å gjere.

– No skal vi ha sonderingar, svarte Vedum.

Leiande SV-arar seier til NTB at dei ikkje kan skjønne at måten eit parti vel å forankre ei plattform på, skal kunne velte eit heilt regjeringsprosjekt.

– Då er det eigentleg ikkje vilje til ei fleirtalsregjering, seier ein.

Aktivistar vil påverke

Samtidig seier aktivistar til Vårt Land at dei vil bruke uravstemminga for det ho er verd, til å prøve å påverke medlemmene til SV

Tre av fem organisasjonar avisa har snakka med, seier at dei vil prøve å bruke moglegheita.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at vi vil be medlemmene i SV seie nei til å gå i regjering. Blir det ei mindretalsregjering, vil vi kunne påverke meir frå sak til sak, seier leiar Therese Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom.




(©NPK)