Mindre havis gir Svalbard-isbjørnane færre makar

Sidan havisen rundt Svalbard minkar, får isbjørnane der færre potensielle makar. Dette fører til mindre genetisk mangfald, viser forsking omtalt av NRK.
innenriks

Forskingssjef Snorre Hagen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i Svanhovd i Finnmark har saman med kollegaer følgt den genetiske variasjonen blant isbjørnane på Svalbard dei siste 20 åra, melder NRK.

Forskinga, tidlegare omtalt i tidsskriftet Nature, viser at mangfaldet har minka i takt med mindre havis. Hagen seier at det har pleidd å komme isbjørnar utanfrå kvart år.

– Men når sjøisdekket minkar, trur vi at det blir færre for kvart år som går, og dette speglar seg av i genetikken hos isbjørn på Svalbard. Det vi trur har skjedd er at færre bjørnar kjem til Svalbard, seier Hagen.

Ifølgje Hagen er det svært viktig å halde oppe det genetiske mangfaldet i isbjørnbestanden.

– Det er på ein måte grunnlaget for at artar skal klare å tilpasse seg endringar i livsgrunnlaget. Anten det er klimaendringar eller andre typar miljøpåverknader.

Isbjørnen er avhengig av isdekt hav for å overleve. Isdekket minkar i takt med den globale oppvarminga, og arten er karakterisert som sårbar.

Ifølgje WWF Verdsnaturfondet, er isbjørnbestanden i dag på mellom 22.000 og 31.000 individ totalt.

(©NPK)