Märtha Louise fyller 50: Har arva effektiviteten til mamma og humoren til pappa

Prinsesse Märtha Louise fyller 50, men har ikkje sett snurten av ei 50-årskrise. Sjølv meiner ho at ho har arva effektiviteten frå mora og humoren frå faren.
innenriks

– Eg liknar nok veldig mykje på begge to, kanskje med effektiviteten til mamma og humoren til pappa, seier ho til NTB på spørsmål om ho no i vaksen alder oppdagar nye trekk ved seg sjølv som minner henne om foreldra, kongeparet.

Onsdag fyller ho 50 år. Dagen blir markert med kaffi på senga og kake, men det blir òg jobb: 1.000 eksemplar av den nye boka hennar «Hèst – klassisk og moderne strikk», som blir gitt ut seinare denne månaden, skal få signaturen til prinsessa.

Märtha Louise liker å ha mange prosjekt på gang, til liks med mor si. Men dronning Sonjas treningsvilje har ho ikkje arva, påpeikar ho.

– Det er jo framleis vanskeleg å halde følgje med henne når vi er på fjelltur, og ho er 84! Då vi var i Lofoten i fjor, var vel den første gongen eg klarte å halde følgje og samtidig ha litt overskot til å prate då eg kom ned igjen, ler ho.

Eit monarki i forandring

Ho er to år eldre enn broren, kronprins Haakon, men er likevel nummer fire i arverekkja. Først i 1990 vart regelverket endra til at den førstefødde i kongefamilien blir tronarving uavhengig av kjønn.

Märtha har gjennom åra vore vitne eit monarki i forandring. Mora kom inn i kongefamilien i 1968 då ho gifta seg med dåverande kronprins Harald – etter mykje motstand.

– Då var det veldig mannsdominert på Slottet, «kvifor skulle ei kvinne komme her?", ikkje sant. Ho hadde jo ikkje eige kontor ein gong, seier ho.

– Så ho har komme langt frå det å ikkje ha ein plass, til det ho og pappa har skapt saman.

Dronning Sonjas pågangsmot har vore til inspirasjon og hjelp, seier Märtha.

– For meg har ho vore eit kjempestort førebilete, òg fordi ho har så mykje energi, masse planar og mange jern i elden heile tida. Det er stadig noko som skal fornyast, blir foredla og blir forbetra, seier ho.

Pandemi og avstandsforhold

Pandemien har ført med seg mange utfordringar, og éin av dei har vore å ikkje kunne vere saman med kjærasten Durek Verrett, som bur i USA.

– Det er jo kjempeutfordrande og vondt å ikkje sjå kvarandre på mange månader. Det er veldig fint når ein endeleg får vere saman igjen, men vi skulle jo gjerne ha kunna besøkt kvarandre meir enn det vi har fått gjort, seier ho.

– Korleis ligg de an med flytteplanane?

– Nei, der ligg vi jo ikkje an. Eg anar ikkje! Det har vorte utsett heile tida, så vi får sjå når det skjer. Og akkurat no er eg her. Eg har ikkje nokon tidsplan på det ein gong, seier ho.

Opna opp i TV-dokumentar

Tidlegare i år kunne TV-sjåarar bli betre kjende med Märtha Louise og døtrene i dokumentarserien «Märtha». Sjølv seier ho at ho valde å opne opp og vise fram livet sitt for å justere inntrykket som mange har av henne.

Ho var lei av å bli definert av andre heile tida.

– Det blir eit fordreia bilete av meg der ute når det skal bli så sensasjonelt heile tida. Så eg kjende at det var viktig for meg å vise kven eg er, og kva eg eigentleg står for.

Ho har fått mange hyggjelege og positive tilbakemeldingar etter at ho viste fram kvardagen sin på TV. Fleire har til og med beklaga at dei hadde eit feilaktig inntrykk av prinsessa.

– Det er mange som har sagt ting som «unnskyld, eg har misforstått deg» og «eg har vore negativ til deg før, men no skjønnar eg meir av deg». Og det er faktisk fleire pressefolk som har komme til meg og sagt unnskyld òg. Så det har vore veldig hyggjeleg, altså, seier Märtha.

Inga 50-årskrise

I ein alder av 50 år opplever ho ein tryggleik og ein styrke som ho seier har vorte forsterka i kjølvatnet av krisa som familien gjekk gjennom etter at Ari Behn tok sitt eige liv i romjula 2019.

– No veit eg at eg kan takle kva som helst. Og det at eg veit det, gjer at eg har ein heilt annan tryggleik som eg kan halde fram livet med, seier ho.

Noka 50-årskrise har bursdagsbarnet heller ikkje sett snurten av. Tvert imot gler ho seg over å fylle 50.

– Det er noko med å vere på plass i livet òg. Det er betre å bli 50 enn ikkje å bli det, seier ho.

– Far min seier at alder berre er eit tal, så eg får lytte til han som er litt eldre enn meg og har meir erfaring.

Prinsesse Märtha Louise 50 år

*Eldste barn av kong Harald og dronning Sonja. Fødd 22. september 1971.

*Gifta seg med Ari Mikael Behn 24. mai 2002.

*Fekk tre døtrer med Behn, Maud Angelica, Leah Isadora og Emma Tallulah.

*Nummer fire i arverekkja til trona etter broren, kronprins Haakon, og dei to barna hans, prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus.

* Utfører offisielle oppdrag for kongehuset innanfor område som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne. Deltek ved offisielle høve som 17. mai, jul, kongelege bryllaup, dåpar og gravferder.

* Vernar for sju organisasjonar. Deltek aktivt i prinsesse Märtha Louises fond som gir støtte til aktivitetar for funksjonshemma barn og unge.

* Privat har ho tent pengar som forfattar av fleire bøker og lydbøker, som programleiar for fleire fjernsynsseriar, og for ei eiga avisspalte.

* Starta i 2007 «engleskulen» Soulspring, tidlegare Astarte Education, saman med Elisabeth Nordeng. Engleskulen vart avvikla i 2018.

* Skilde seg frå Behn i 2016. I 2019 stadfesta ho det nye forholdet sitt med Durek Verrett.

* Slutta å bruke prinsessetittelen i kommersiell samanheng i 2019.

(Kjelder: Kongehuset.no og NTB).




(©NPK)