Drapsetterforsking etter funn av to døde på Kolbotn

Eit ektepar vart natt til onsdag funne døde i ei leilegheit på Kolbotn. Politiet trur ikkje det var andre involverte i hendinga. Den døde mannen var politimann.
innenriks

– Dette er ei trist sak, og vi skal no etterforske breitt og grundig for å finne ut kva som har skjedd, seier politiadvokat Nina Marthinsen i Aust politidistrikt til NTB.

Politiets operasjonssentral fekk melding via AMK om ei alvorleg valdshending i ei leilegheit på Kolbotn klokka 1.16 natt til onsdag

Politi og ambulanse rykte omgåande ut til staden. Der vart det funne to vaksne personar i 40-åra med store skadar. Begge vart stadfesta døde på staden. Dei døde er ektefellar.

– Pårørande er varsla, og barna til paret blir teke vare på av nær familie, seier Marthinsen.

Ho seier at paret har to mindreårige barn. Politiet har ikkje opplyst om barna var i leilegheita då foreldra vart funne døde eller kven som varsla AMK om hendinga.